Om meg
Film og Video, Foto og produksjon
Eg heiter Elias Midtun – ein luring som likar å få ting til å skje, sjølv om planen ofte blir til undervegs. Eg driv med film, foto og litt av kvart – alltid med godt humør, ein dose kreativitet og trua på at “det kjem til å gå”.
Når eg ikkje står bak kamera, finn du meg ofte i raud jakke med Stryn Røde Kors, klar til å hjelpe når noko skjer. Eg likar kombinasjonen av adrenalin, samarbeid og å gjere ein forskjell – det gjer meg skjerpa, både i felt og bak kamera.
Eg er også lærling hos Vinsrygg Maskin AS. Så det er dette eg driv med på fulltid, så dette er eit lite hobbyprosjekt så eg er ingen proff, men ikkje heilt blank heller.
Eg tilbyr filming, fotografering og innhald til folk og bedrifter som vil vise seg fram på ein ekte og engasjerande måte. Eg trur at eit smil, litt improvisasjon og godt mot kjem lenger enn fancy ord og glansa brosjyrar.
Kort sagt: Eg lagar innhald med god stemning, lite stress – og ingen garanti, men det kjem til å gå.
